Kort fortalt

Island Offshore-tilsette til rettssak

Meiner seg forbigått.

06.08.2021

Tre tilsette meiner dei blei forbigått då Island Offshore oppbemanna skipet Island Constructor. I haust møter dei reiarlaget til arbeidssrettsak i Møre og Romsdal tingrett, melder Vikebladet Vestposten.

Mannskapet gjekk i mars frå å jobbe etter ordinær båtavtale, til å jobbe på riggavtale. Dei tilsette som no går til sak hadde missa jobbane sine om bord på Island Frontier, men meiner dei hadde rett på tilbod om ny jobb, om reiarlaget fekk ledige stillingar etter riggavtalen.-

– Vi var dei siste som blei sagt opp på riggavtale i Island Offshore, då Island Frontier ikkje lenger skulle ha det. Det er inga konflikt mellom oss og reiarlaget på det personlege planet, men vi meiner at rett skal vere rett. Det prinsipielle er viktigast i denne saka, seier ein av dei tre tilsette til avisa.

Det er sett av tre dagar til saka i tingretten i Ålesund frå 20. oktober.

Island Offshore-sjef Tommy Walaunet ønskjer ikkje å kommentere saka til avisa før den har vore i domstolen.

Publisert: 06.08.2021 11:03

Sist oppdatert: 06.08.2021 11:08

Mer om