Island Constructor foto kjetil 11
ISLAND CONSTRUCTOR: Konstruksjonsskipet som her er fotografert til kai på Hareid, er sentral i striden mellom dei tilsette om har saksøkt reiarlaget. No skal Frostating lagmannsrett ta stilling til saka. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Reiarlag i to rettskonflikter

Island Offshore møter tidlegare tilsette i retten to gonger på få veker. Men talet på arbeidsrettsaker går ned.

Marius Rosbach
02.05.2022

Reiarlaget Island Offshore skal møte i to arbeidsrettssaker i løpet av mai månad.

Den første konflikten som gjeld tre tidlegare tilsette som meiner seg forbigått, startar allereie tysdag. Den andre dreier seg om ein tvist om sakleg oppseiing og er beramma i Møre og Romsdal tingrett 23. mai.

Meiner seg forbigått
Rettssaka som startar tysdag, er ei ankesak som går i Frostating lagmannsrett.

Det er satt av tre dagar til saka som starta med at tre tilsette gjekk til søksmål mot Island Offshore. Dei tilsette meiner seg forbigått då reiarlaget oppbemanna skipet Island Constructor i mars 2021.

Dei hadde mista jobbane sine om bord på Island Frontier, og meiner dei hadde rett på tilbod om ny jobb om reiarlaget fekk ledige stillingar etter riggavtalen.

Reiarlaget vann i tingretten
Reiarlaget vann første runde i Møre og Romsdal tingrett i fjor haust. Fleirtalet i tingretten sa seg samd med reiarlaget, og konkluderte med at det hadde skjedd ei verksemdsoverdraging.

Det gjer at dei tilsette ikkje har fortrinnsrett til dei nye stillingane.

I sluttinnlegga til lagmannsretten står partane på synspunkta frå tingretten: Dei tilsette som er organiserte i Safe, meiner krava til ei verksemdsoverdraging ikkje er oppfylt.

Saksøkararane argumenterar vidare med at formålet med endringa frå reiarlaget, dreier seg om overgang mellom ulike tariffavtaler.

Vil sleppe sakskostnadene
Advokaten til reiarlaget skriv på si side at Island Offshore anken til lagmannsretten bør bli forkasta, og at reiarlaget får tilkjent sakskostnader.

I tingretten slapp saksøkjarane å betale sakskostnader, fordi retten meinte reiarlaget via selskapet Island Offshore Crewing, burde ha vore tydlegare i kommunikasjonen kring verksemdsoverdraginga.

Island Offshore-sjef Tommy Walaunet ønskjer ikkje å kommentere nokre av sakene til NETT NO før dei har vore behandla i rettsystemet.

Kring ein tredel færre saker
Etter at talet på arbeidsrettsaker på Nordvestlandet auka i fleire år etter oljeprisfallet - gjekk tala ned i fjor, ifølgje tal frå Domstoladministrasjonen.

I 2021 var det 31 innkomne slike saker til Møre og Romsdal tingrett. Det var ein nedgang på kring ein tredel – 28 prosent – frå året før.

I 2020, det første året under koronapandemien var det 43 arbeidsrettsaker i tingretten, medan det året før var 47 arbeidsrettssaker for domstolane i fylket.

Også på landsbasis viser statistikken same tendens. Etter ein oppgang frå 2019 til 2020, frå 1007 til 1164 saker, gjekk tala ned i 2021.

836 arbeidssrettsaker blei meldt inn til norske domstolar i fjor.

Publisert: 02.05.2022 04:59

Sist oppdatert: 02.05.2022 06:43

Mer om