Kort fortalt

Ja til 19 olje- og gassprosjekt

Utløyser investeringar på 200 milliardar kroner.

28.06.2023

NPK-NTB: Dei 19 prosjekta på norsk sokkel består av nye utbyggingar, vidareutvikling av eksisterande felt og investeringar i prosjekt for auka utvinning ved eksisterande felt, skriv Olje- og energidepartementet i ei pressemelding.

– Dette er prosjekt som bidreg til framleis høg og stabil produksjon frå norsk sokkel, og til sysselsetjing og verdiskaping for heile samfunnet. Vi vidareutviklar petroleumsverksemda slik at det blir skapt arbeidsplassar og store inntekter til fellesskapen, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Oljeetterspurnaden fall sterkt i heile verda i første halvår av 2020 som følgje av pandemien. Det var derfor stor uvisse om utviklinga framover. I juni 2020 vedtok Stortinget mellombelse endringar i petroleumsskattelova for å leggje til rette for at oljeselskapa kunne gjennomføre planlagde investeringar.

– Gjennomføringa av desse prosjekta sikrar arbeidsplassar, byggjer kompetanse og gir grunnlag for vidare teknologiutvikling som vil vere avgjerande for utviklinga i andre næringar som karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, havbruk og mineral, seier Aasland.

Publisert: 28.06.2023 11:07

Sist oppdatert: 28.06.2023 11:07