Kort fortalt

Ja til Ekornes-eigar

Obligasjonslångivarane lettar på krava.

06.06.2020
Ekornes QM Holding, som er majoritetseigar i Ekornes-konsernet, har fått ja frå obligasjonslångivarane om å lette på krava i obligasjonslånet.
Ekornes QM Holding bad om av vilkåra blir lempa på for å unngå å kome i ein situasjon der selskapet ville vere i brot med lånevilkåra. Salsnedgangen på grunn av koronaepidemine og tiltaka mot den er grunnen forespørselen.
Ekornes-konsernet permitterte store deler av arbeidsstokken på grunn av salssvikten, men har no tatt tilbake storparten av dei tilsette i produksjonen.

Ekornes QM Holding tok i mars 2019 opp eit obligasjonslån på to milliardar kroner for å refinansiere eit lån som blei gitt for å kjøpe alle aksjane i Ekorneskonsernet i 2018. Ekornes QM Holding er eigd av kinesiske Qumei Home Furniture Group og eig 90,5 prosent av aksjane i Ekornes.

Publisert: 06.06.2020 09:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26