Kort fortalt

Ja til Fjord1

Obligasjonslångivarane lettar på krava.

30.06.2020
Fjord1 har fått ja frå obligasjonseigarane til eit lån på ein milliard kroner til å lette på kravet til eigenkapital i selskapet etter at det er klart at reknskapsmessig behandling av landstraumanlegg fører til at totalbalansen i selskapet vert kraftig auka, sjølv om det offentlege etter ferdiggjering kjøper anlegga.
Opphavleg ville Fjord1 også at obligasjonseigarane skulle seie ja til å gå vekk frå kravet i låneavtakebom at Fjord1 skal vere eit børsnotert selskap, men det framlegget er trekt.
Majoritetseigaren Havila Holding og Vision Rigde Partners ønskjer å ta Fjord1 av børs, men om obligasjonseigarane skal gå med på det blir i så fall lagt fram som eit eige framlegg seinare.

Publisert: 30.06.2020 20:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26