Jets Vacuum har nemleg gått til innkjøp av ein 3D-skrivar til ein halv million kroner til Fagskulen, slik at opplæringa i til dømes konstruksjonsfag vert styrka.
Her er ei pressemelding frå Jets Vacuum om gåva:
- Dette gir eit verkeleg løft til undervisninga, og hevar nivået på studentane våre. Vi takkar og bukkar for gåva, seier studieleiar Reidar Lied ved Fagskolen. Med skrivaren på plass, kan han gi studentane tilbod om praktisk opplæring på samme type utstyr som vert brukt av industriselskap i heile landet til såkalla «rapid prototyping».
Moglegheita for å gi 3D-skrivaren til Fagskolen åpna seg då Jets Vacuum skifta til ein nyare 3D-skrivar med større kapasitet. Plutseleg hadde selskapet ein skrivar til overs, som nokon andre kunne ha god nytte av.
- Vi tenkte oss litt om, og fann ut at Fagskolen ville vere ein god, ny heim for denne maskina. Sjølv om vi har fasa den ut til fordel for ein ny og større modell, er skrivaren langt frå avleggs. Til undervisningsbruk eignar den seg ypparleg. Det viktige er at studentane vert kjende med dei unike moglegheitene som 3D-printing fører med seg, meiner konstruktør Jan Helge Skomsøy i FoU-avdelinga hos Jets Vacuum.
FoU-sjef Tor Rønnestad hos Jets Vacuum AS nyttar 3D-printing flittig til å lage prototypar i plast, før produkta til slutt vert sette i serieproduksjon. Dermed veit han godt kor nyttig ein slik skrivar er:
- 3D-printing er uvurderlig i utvikling av nye komponentar. Vi kan skrive ut deler med stor nøyaktigheit, og med detaljar som ville vore vanskelege å modellere på annan måte. Dessutan går det svært raskt – vi går frå 3D-teikning på skjermen til ferdig printa deler i handa på berre nokre timar. No gler vi oss saman med Fagskolen over at dei får ta i bruk den same teknologien som vi sjølve lenge har hatt tilgang på.

Publisert: 23.12.2013 15:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22