Jubel ved munnbindfabrikk i Sykkylven
Stortingsvedtak er godt nytt.
(NPK): Eit stortingsvedtak om at det skal lagast meir smittevernutstyr i Noreg, er godt nytt for munnbindfabrikken Innovern i Sykkylven.
– Vedtaket i Stortinget er gull verdt for oss. Ja, det var kanskje heilt avgjerande, seier styreleiar for fabrikken Leif Jarle Aure til Sunnmørsposten.
Han fortel at fabrikken i desember er ferdig med ein stor ordre med å produsera 20 millionar munnbind til helsevesenet i Noreg og at dei treng nye, langsiktige avtalar for å sikra produksjonen.
Etter stortingsvedtaket om å styrkja produksjonen i Noreg, ser munnbindfabrikken i Sykkylven ser lysare på framtida. Vedtaket inneheld fleire punkt der Stortinget ber regjeringa om å leggja til rette for at det blir laga meir smittevernutstyr i Noreg.
Leiinga ved fabrikken har særleg festa seg ved det siste punktet. Der heiter det ifylgje avisa «Stortinget ber regjeringa etablere beredskapsavtalar med norske produksjonsmiljøet for produksjon av smittevernutstyr».
– Dette siste punktet er gull verdt for oss, seier Leif Jarle Aure.
(©NPK)
Publisert: 21.05.2021 16:46
Sist oppdatert: 21.05.2021 16:50