Lars Einar Riksheim Erna Solberg Innovern foto Ogne
OFFISIELL OPNING: Statsminister Erna Solberg markerer den offisielle opninga av munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven i fjor.
Nytt

Krav om norsk smittevernproduksjon

Viktig å ta vare på kapasiteten og kompetansen som er bygd opp i koronatida, seier Lars Einar Riksheim i Innovern.

NETT NO/NPK-NTB): Like etter at koronaepidemien kom blei munnbindprodusenten Innovern etablert i Sykkylven. I starten var det uråd å få tak i råvarene til munnbinda, men i dag kan selskapet mellom anna kjøpe stoffet som utgjer mellomlaget i munnbindet frå ein fabrikk i Trondheim, fortel medeigar og initiativtakar Lars Einar Riksheim.

Når Stortingsfleirtalet no skjerpar kravet til både produksjon- og lagerberedskap for smittervernutsutyr og legemiddel trur Riksheim det vil vere positivt for bedrifter som Innovern.

- Viss dei no få på plass at vi kan ta vare på den kompetansen som er bygd opp dette året så trur eg det får ein positiv effekt, seier han.

Samstundes oppmodar han politikarane om å ta vare på den kapasiteten og kompetansen som alt er bygd opp gjennom året som har gått, ved å sikre at offentlege kontrakter går til norske selskap. Om ikkje det skjer er faren at norske selskap konkurrerer kvarandre i hel.

Marsjordre frå opposisjonen

Regjeringa må sikre at Noreg har nok smittevernutstyr og legemiddel i tilfelle ein ny pandemi. Det er den klare bestillinga frå eit fleirtal på Stortinget.

Tysdag skal dei folkevalde behandle stortingsmeldinga «Samfunnssikkerhet i en usikker verden», som regjeringa la fram i oktober i fjor.

Innstillinga frå justiskomiteen vart klar tidlegare denne veka. Den viser at den såkalla firarbanden på Stortinget – Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Framstegspartiet og SV – har gått saman om å gi regjeringa marsjordre på fleire område når det gjeld den medisinske beredskapen.

Det er på høg tid, meiner stortingsrepresentant Tuva Moflag (Ap), som sit i helse- og omsorgskomiteen.

– I 2019 vart pandemi og legemiddelmangel peika ut som dei mest alvorlege hendingane som kan ramme Noreg. Likevel var vi nærast ubudde då pandemien ramma, seier ho til NTB.

Både lager og eigen produksjon

Blant det stortingsfleirtalet no vil ha på plass, er:

* Pandemi- og legemiddelberedskapen må styrkjast ved å sørgje for auka produksjonskapasitet og auka tilgang på smittevernutstyr.

* Norsk produksjon av og beredskap for viktige legemiddel og medisinsk utstyr, vaksinar, smittevernutstyr og laboratoriediagnostikk må styrkjast.

* Regjeringa må sørgje for at Noreg har lager for minimum tre månaders forbruk av essensielle legemiddel.

Stortinget ber òg regjeringa sikre at Noreg har tilgang til produksjonskapasitet av kritisk medisinsk utstyr. Eit fast totalberedskapsutval som rapporterer til Stortinget kvart år, må òg på plass, krev fleirtalet.

Opposisjonen ber dermed regjeringa bla opp for å sikre både større beredskapslager og norsk produksjon av smittevernutstyr.

– Det handlar om at når ei krise først rammar, kan det vere ulike hinder som gjer at ting ikkje kjem fram. Det er for sårbart når ein hamnar i globale situasjonar der alle skal ha tak i det same samtidig, påpeikar Moflag.

Dramatisk bakteppe

Bakgrunnen for marsjordren er koronapandemien og den dramatiske situasjonen som oppstod i mars i fjor, då Noreg plutseleg stod utan nok smittevernutstyr.

I ein kriseoperasjon kasta Helse sør-aust seg rundt og kjøpte smittevernutstyr for 3,2 milliardar kroner, ifølgje VG.

Kjøpet var mogleg fordi regjeringa nokre dagar tidlegare hadde vedteke å gi helseføretaka lov til å bruke pengar utan å ha dekning i budsjetta. Gjennom våren og til langt ut på sommaren kom det kvar veke charterfly til Noreg med smittevernutstyr, skriv avisa.

– Det var «touch and go». Her var vi nær ein veldig, veldig alvorleg situasjon. Vi var fire veker frå å gå heilt tomme, seier Moflag.

Samtidig er ho vel vitande om at det kan vere ei regjering som Arbeidarpartiet er med i, som får ansvaret for å følgje opp Stortingets beredskapsbestilling etter valet i haust.

– Det er vi fullt førebudd på. Det er heilt klart ein ambisjon å sikre ein betre helseberedskap, seier ho.


Publisert: 05.03.2021 09:06

Sist oppdatert: 25.05.2021 09:19

Mer om