NPK: Mange bedrifter avlyser julebordet i år på grunn av korona, opplyser Hovudorganisasjonen Virke. Det er negativt for hotell- og restaurantbransjen.
– Med den pandemien vi er midt oppi, forstår eg at mange vurderer at dei ikkje skal ha juleborda sine, på grunn av at dei er engstelege for smitte. Pluss at vi har reglar for kor mange vi kan samle, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke til
Virke har forståing for at bedriftene tar dette valet. Men det er mange verksemder som er avhengig av denne marknaden, og som no vert ramma.
– Det gjeld alt frå kultur, catering, servering, lydteknikarar og hotell. For dei er det meir krevjande at bedriftene ikkje held julebord eller bedriftsinterne arrangement, seier Horneland Kristensen.
Utelivs- og serveringsnæringa har hatt seks tøffe månader med store omsetningstap. NHO Reiseliv meiner julebordsesongen vil forsterke ein allereie veldig alvorleg situasjon.
– Det er ein auka frykt for at bedrifter går konkurs. Får ein ikkje boosten julebordsesongen normalt gir, blir det endå mørkare tal, seier kommunikasjonsdirektør Merethe Habberstad.

Publisert: 11.09.2020 11:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25