Måndag overrekte SpareBank 1 Søre Sunnmøre årets julegåve frå dei tilsette til Runde Miljøsenter. Julegåva er på 30.000 og blir øyremerka ryddeaksjonar i 2020.
- SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin visjon er å vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Dei frivillige som ryddar strendene våre er eit viktig tiltak for etterleve visjonen vår.
- Difor er det veldig gledeleg å overrekke årets julegåve frå dei tilsette til Runde Miljøsenter som organiserer fleire av ryddeaksjonane i regionen vår, seier Runar Gretland, bedriftsrådgjevarar og tillitsvald i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, i ei pressemelding.
Dagleg leiar i Runde Miljøsenter, Nils Roar Hareide prisgir gåva frå banken.
- Runde Miljøsenter set stor pris på gåva. Vi vil bruke den til å mobilisere alle dei som driv på med plastopprydding på frivillig basis i vår region. Dei gjer ein kjempestor og viktig jobb. Dei har tilegna seg mykje viktig kunnskap og erfaring som vi ynskjer å formidle vidare til andre frivillige, til skular, offentlege myndigheiter, næringsliv og andre.
Plastforsøpling er eit av dei aller største miljøproblema som verda står overfor i dag. Ein felles innsats frå frivillige, offentlege myndigheiter, forskarar og alle andre er heilt naudsynt skal ein greie å bøte på problemet.
Andre Skotheim, Banksjef for personmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, er imponert over Runde Miljøsenter.
- Miljøsenteret har ein unik kompetanse som vi heilt klart skal vere stolte av å ha i regionen vår. Vi ser fram til eit vidare samarbeid og stiller gledeleg opp på rydderaksjonane i 2020, seier han i pressemeldinga.

Publisert: 17.12.2019 15:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31