Kort fortalt

Julesmell for norske kjøpesenter

Nedgang på tre prosent.

13.01.2017
(NPK-NTB): Julehandelen på norske kjøpesenter viser ein nedgang på 3 prosent i fjor.
I absolutte tal auka handelen med 1,8 prosent. Justert for ein ekstra handledag i desember, og at nokre kjøpesenter har utvida salsarealet, er det ein nedgang i julehandelen på 3 prosent, skriv Finansavisen. Undersøkinga er gjort av Kvarud Analyse for Kjøpersenterindeksen.
– Den eine grunnen kan vere den generelle økonomiske situasjonen, og at folk held litt igjen. Den andre grunnen er at noko av omsetnaden er flytta til slutten av november på grunn av Black Friday, seier handelsanalytikar Tore Kvarud, som også trekkjer fram auka netthandel som ein årsak.
(©NPK)

Publisert: 13.01.2017 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43