Kort fortalt

Jålebroki til topps

- Suverent beste firmanamnet.

13.01.2017
ID: 13336556(NPK):
Klesbutikken Jålebroki i Øvre Årdal stikk av med førsteplassen i kåringa av årets beste firmanamn.
Det er Eniro/Gule Sider som står bak kåringa. Målet med utmerkinga er å løfte fram små og mellomstore verksemder i Noreg, og legge vekt på kor viktig lokalt næringsliv er, særleg i distrikta.
– Eg er stolt over at eit så godt årdalsnamn har hevda seg over alle andre. Jålebroki er eit godt innprenta uttrykk her i Årdal, seier eigar Sonja Øren ved Jålebroki til Sogn Avis.
Ho forklarer at jålebroki betyr pyntedokke, i positiv forstand. Juryformannen i kåringa, Roger Pihl, synest det er eit gjennomtenkt og godt namn på ein butikk.
– Jålebroki er årets suverene vinnar. Juryen er imponert over korleis eit tilsynelatande halvt ironisk ord, har blitt snudd til noko som gjev utelukkande positive assosiasjonar. Samtidig som det grip fatt i eit hav av marknadsmekanismar.

Publisert: 13.01.2017 12:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43