Kort fortalt

Kan finansiere vindkraft til havs i Norge

GIEK vil bidra til ny leverandørindustri.

08.09.2020
Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) kan saman med kommersielle bankar no vere med å finansiere vindkraft til havs på norsk sokkel.
Tidlegare har GIEK vore med på internasjonale prosjekt, og porteføljen innan havvind er firedobla i 2020 til 4,2 milliardar kroner.
No kan GIEK også stille lånegarantiar på vegner av staten om det inngår leveransar frå norske bedrifter.
GIEK-direktør Wenche Nistad seier havvind vil spele ei nøkkelrolle i overgangen til lågare utslepp, og at dei vil vere med å bygge opp ein «sterk norsk leverandørindustri på flytande havvind», ifølgje ei .

Publisert: 08.09.2020 10:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25