Kort fortalt

Kan få unntak frå anbod på jernbane

Ny EU-reglar på gong.

22.09.2022

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Nye EU-reglar krev at Noreg må nytte anbod på togtrafikken etter 2023. Men regjeringa har fått «konstruktiv tilbakemelding» frå EU om mogleg unntak.

– Vi har gitt tydeleg uttrykk overfor EU-kommisjonen om kva som er synet til regjeringa på kravet til konkurranseutsetjing, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til NTB.

Og held fram:

– Vi har fått konstruktiv tilbakemelding på at vi saman kan sjå på rammene for unntaksreglane som ligg i regelverket også etter 2023, med tanke på korleis dette kan nyttast for norske forhold.

Viser til tidsfrist
Den siste tida har regjeringa fått mykje kritikk for å vilje splitte togtrafikken på Austlandet i to – mellom Vy og Flytoget. Dette skjer sjølv om regjeringa har lova å stanse både «oppsplitting» og «konkurranseutsetting» av persontogtrafikken.

I denne diskusjonen har samferdselsministeren fleire gonger sagt at regjeringa har avgrensa med tid, fordi den statlege direktetildelinga av togtrafikken må skje innan utgangen av 2023. Då trer nemleg nye EU-reglar i kraft.

Betyr dette at regjeringa har gitt opp å sleppe unna privatiseringskrava frå EU etter dette?

– Nei, men når kollektivtransportforordninga i ein overgangsperiode gir oss moglegheit til å direktetildele utan nærare vilkår, så vil vi nytte oss av den moglegheita, seier Nygård.

– Upløyd juridisk mark
Etter julaftan 2023 blir ting litt meir komplisert. Då forsvinn eit unntak frå EUs fjerde jernbanepakke, som Nygård no vil bruke når han gir togtilbodet direkte til dei statlege selskapa Vy og Flytoget.

Etter dette må all togtrafikk i hovudsak ut på anbod til private aktørar, ifølgje EU. Men Nygård understrekar at det også finst unntaksreglar frå regelverket etter dette.

– Men dette er upløyd juridisk mark. Vi ønskjer derfor å gi oss sjølv så god tid som mogleg for å førebu direktetildeling også etter 2023.

Go Ahead-kontrakt til 2027
I Hurdalsplattforma slo regjeringa fast at dei så raskt som mogleg skulle gå i dialog med EU med mål om å sikre Noreg unntak frå delar av føresegnene i EUs fjerde jernbanepakke.

Det er denne dialogen Nygård no seier at har ført til «konstruktiv tilbakemelding».

Under den førre regjeringa vart store delar av togtrafikken privatisert, og dette spring på lange kontraktar.

Den første kontrakten går ut i 2027 og gjeld for Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen. Det er først då regjeringa eventuelt må krevje nye unntak frå føresegna.

Før den tid er det eit nytt stortingsval, og då kan jo dei politiske ønska endre seg.

To løp
Parallelt med den moglege splittinga av togtrafikken på Austlandet mellom Vy og Flytoget, vurderer regjeringa å slå saman desse to selskapa.

Nygård avviser at det kan vere aktuelt å bare direktetildele trafikken på same vis som i dag, og så eventuelt slå saman/splitte opp dei to statlege selskapa seinare.

– Målet vårt er eit best mogleg jernbanetilbod for reisande på Austlandet. Regjeringa har derfor gitt Jernbanedirektoratet handlingsrom til å vurdere om vi gjennom to aktørar kan oppnå det beste togtilbodet for dei reisande – det er ikkje eit eige mål at dei to avtalane skal delast mellom Vy og Flytoget, seier han.

Han kan førebels ikkje gi noko tidspunkt på når utgreiinga av samanslåinga mellom Vy og Flytoget er ferdig.

(©NPK)

Publisert: 22.09.2022 08:31

Sist oppdatert: 22.09.2022 08:33

Mer om