Kort fortalt

Kan masselagre vår nettrafikk

Ja til omstridd forslag.

08.06.2020
NPK: Eit breitt fleirtal på Stortinget seier ja til eit omstridt forslag til ny lov for E-tenesta, men har eit tydeleg krav til sakleg grunn for innhenting av informasjon.
Regjeringa får støtte av Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet til forslaget om å masselagre nettdataet til nordmenn. Det omstridde forslaget gjorde at Venstre tok dissens i regjering tidlegare i år.
Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, som kom med innstillinga si måndag, gjer likevel vilkåra noko strengare for å innhente informasjonen.
– I innstillinga er det presisert eit uttrykkjeleg krav til sakleg grunn for at E-tenesta skal kunne søkje i dataa som er samla inn. Det skal litt meir til enn at etaten sjølv fann ein grunn. Både i førehandsgodkjenninga frå Oslo tingrett og i etterkontrollen av EOS-utvalet skal det vurderast om vilkåra for søk er oppfylte, seier saksordførar Michael Tetzschner til NTB.
Ein samrøystes komité har òg vorte samde om at lova skal evaluerast frå første stund etter at ho vert teken i bruk, og i ein fireårsperiode etter at ho er teken i full bruk, følgd av ei uavhengig evaluering.
(©NPK)

Publisert: 08.06.2020 15:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26