NPK-NTB: Bedrifter med store omsetningstap i april på grunn av koronapandemien kan no søkje kontantstøtteordninga. Det er òg gjort fleire justeringar i ordninga.
For ein månad sidan opna nettportalen for kompensasjonsordninga for næringslivet. Fram til no har ordninga behandla søknader om tilskot for kompensasjon av omsetningsfall i mars. I helga opna ordninga for søknader for april.
– Vi har behandla nærare 30.000 søknader for mars, og no står april for tur. Saksbehandlinga av søknadene startar i dag. Søknadsfristen for mars, april og mai er 30. juni, seier skattedirektør Hans Christian Holte.
Forskrifta for ordninga blir samtidig justert, slik at endå fleire skal kunne få tilskot. Endringane inneber mellom anna at eigendelen for bedriftene er reduserte frå 10.000 til 5.000 kroner, og at konsern må utpeike eit føretak som er skal opplyse om eigarstrukturen i konsernet. Bedrifter som av omsyn til dyrevelferd må halde oppe ei viss bemanning, kan no òg rekne nødvendige kostnader til dyrefôr og veterinær som faste, uunngåelege kostnader.
Så langt har over 20.000 fått innvilga tilskot, og det er hittil utbetalt nærare éin milliard kroner. Rundt 8.500 har fått avslag.

Publisert: 18.05.2020 08:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27