Kort fortalt

Karantene etter Volda-konkurs

– Totalt manglande respekt for reglar.

03.12.2021

Møre og Romsdal tingrett har gitt styreleiaren etter konkursen ved La Chef/Det Grøne Treet karantene i to år, ifølgje Møre-Nytt.

– Etter rettens syn har konkursdebitor vist totalt manglande respekt og ignoranse for offentlegrettslege reglar knytt til selskapsdrift, heiter det i rettsavgjerda tingretten.

Bustyrar, advokat Thomas Lundberg, har også meld styrelairen for Volda-restauranten til politiet for mistanke om brot på reglar kytt til rekneskapsføring, og innbetaling av moms og skatt.

Mannen har gjort seg utilgjengeleg for både bustyrar og retten, men lokalavisa har vore i kontakt med vedkommande.

Han fortel at koronapandemien er årsak til konkursen, men han har ikkje noko forklaring på kvifor det ikkje er levert rekneskap.

Mannen har óg vore styreleiar for Il Chef, kjent som Bamsekroa i Elnesvågen. Også dette selskapet er konkurs.

Publisert: 03.12.2021 11:53

Sist oppdatert: 03.12.2021 11:58

Mer om