Kort fortalt

Karantenefri nordisk jobbreise

Regjeringa opnar opp for jobbreiser i heile Norden.

28.05.2020
NPK-NTB: Jobbreiser til og frå land i Norden vil frå måndag 1. juni ikkje lenger medføre krav om ti dagar i karantene.
– Det er veldig viktig for næringslivet, opplyste næringsminister Iselin Nybø (V) på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen.
Arbeidstakarar frå dei nordiske landa blir dermed likt stilte, og det blir lettare å nytte arbeidskraft frå fleire land, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.
– Arbeidskrafta flyt normalt over grensene, anten det er verftsarbeidarar, servicepersonell eller andre, seier Nybø.

Publisert: 28.05.2020 17:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26