(NPK): I framtida vil dei berre levera kart digitalt.
– Omlegginga skjer gradvis fram til årsskiftet, skriv på eigne nettsider.
Folk flest kan som før få tak i kart på papir både i bokhandelen og via forhandlarar, men frå 1. november får forhandlarane ikkje lenger få levert kart frå lageret til Kartverket.
– Etter det må forhandlarane tinga sjøkart og landkart frå godkjende POD-forhandlarar eller søkja Kartverket om å bli godkjent POD-forhandlar sjølv, heiter det.
POD-forhandlar vil seia ein forhandlar som kan trykkja kart på førespurnad. Kartverket legg nemleg vinn på å gjera karta tilgjengelege digitalt og vil mellom anna tilby trykkjeklare filer som forhandlarane kan trykkja på førespurnad frå publikum. (©NPK)

Publisert: 06.10.2015 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50