Kort fortalt

Kastar korta i Axxis

Arne Blystad sel seg heilt ut.

20.12.2019
Arne Blystad har gjennom Songa Investments seld seg heilt ut av det kriseramma seismikkselskapet Axxis Geo Solutions.
Blystad var største aksjonær då selskapet gjekk på børs i juli i år, men vart passert av Havila Holding og Per Sævik under ein kriseemijson der aksjekursen stupte frå 16 kroner til seks kroner.
Etterpå har aksjekursen rasa vidare.
Fredag ettremiddag vert aksjen omsett til rundt 0,85 kroner, og heile selskapet er dermed berre verdsett til 50 millionar kroner.
Blystad har fredag seld 3,16 millionar aksjar.

Publisert: 20.12.2019 16:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31