(NPK-NTB): På åtte år har det vore ei åttedobling i talet på turistar frå Kina på norske hotell. Alt tyder på at den kraftige veksten kjem til å fortsette.
skriv at talet på utanlandske overnattingar på norske hotell har auka med 24,2 prosent sidan 2008, men auken frå Kina er på heile 728 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.
– Vi trur veksten blir like sterk i 2017 som den var i 2016, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Noreg. I fjor var veksten på om lag 40 prosent.
Kinesarar legg også igjen meir pengar enn andre nasjonalitetar. Dei bruker i gjennomsnitt 8.130 kroner per døgn, av dei går 1.760 kroner til kjøp av varer og tenester, ifølgje ein rapport frå Menon Business Economics. Holm fortel at dei i større grad enn andre turistar besøkjer museum og attraksjonar.
I 2016 var kinesiske turistar på 120 millionar utanlandsreiser, ifølgje China National Tourism Administration. Halvparten reiser på pakketurar, men den individuelle turismen aukar.
(©NPK)

Publisert: 03.01.2017 09:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43