Kort fortalt

Kjempar for nytt opplæringsfartøy

Næringslivet i Måløy med krav til fylket.

19.05.2020
Næringslivet i Måløy reagerer på at fylkesrådmann i Vestland har avlyst konkurransen for å byggje nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule.
Tysdag sende Måløy Vekst brev til fylkespolitikarane i Vestland der dei krev at det raskt blir sett i gang ny konkurranse for å byggje skipet.
– På vegner av næringslivet på kysten ber vi om at politikarane i Vestland fylke vedtek snarast råd å lyse ut ein ny konkurranse til bygging av eit nytt, moderne og framtidsretta opplæringsfartøy, slik at ein får dette på plass for å sikre rekruttering og utdanning av norsk ungdom til den viktigaste framtidsnæringa i landet. Vi har inga tid å miste, skriv Måløy Vekst i brevet.
Førre veke vart det kjend at Vestland fylke hadde avlyst konkurransen for å byggje opplæringsfartøyet på grunn av kostnadsoverskridingar.
Dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad peikar på at det er stort behov for god og moderne opplæring i Måløy.
– Måløy er ei av Norges største fiskerihamner, og den største i Vestland fylke. Moderne opplæringsfasilitetar som sikrar attraktivitet til utdanningsprogramma er heilt avgjerande for rekruttering til utdanningane, og seinare høve til rekruttering av kompetent arbeidskraft i næringa, seier Humborstad i ei pressemelding.

Publisert: 19.05.2020 15:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27