Oyvind torlen jets foto marius
DELTE UT BONUSAR: Jets-sjef Øyvind Tørlen hadde hyggelege nyheiter til dei tilsette på allmøte torsdag. Arkivfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Kjempebonus for Jets-tilsette

Får meir enn 70.000 kroner kvar.

19.04.2024

Dei tilsette i Jets fekk torsdag vite at dei får utbetalt store bonusar som følgje av det gode 2023-resultatet, skriv Vikebladet.

– Dette er ikkje ei gåve frå bedrifta. Dette er noko de har gjort dykk fortent til, gjennom verdiar vi har skapt saman, sa konsernsjef Øyvind Tørlen under eit allmøte med dei tilsette.

Dei som har vore tilsett heile fjoråret får heile 70.186 kroner i bonus etter det som var eit rekordår.

Også dei Jets-tilsette i utlandet, til eksempel Latvia, får bonusar tilpassa kostnadsnivået i landet deira.

Publisert: 19.04.2024 10:45

Sist oppdatert: 19.04.2024 10:45

Mer om