Jets Latvia 004 kopi
MEIR EFFEKTIVE: I løpet av dei siste månadene har dei dobla produktiviteten på ein vakuumventil ved denne avdelinga, fortel produksjonssjef Marcin Gaarden.
Nytt

Alle skal med heile tida

Jets jobbar med å utvikle menneske og arbeidsflyt. Prinsippa er dei same i Latvia som på Hareid.

30.12.2023

På veggen i Jets sine produksjonslokale i den latviske byen Saldus heng eit skjema og grafar i fleire fargar. Grafane verft brukte til å følgje opp produksjonen. Her samlast dei tilsette kvar morgon med utfordringa: Kva kan vi gjere betre?

– Kvar dag diskuterer vi korleis vi jobbar. Vi er i ein kontinuerleg læringsprosess, der målet er at alle skal leite etter forbetringspotensiale, fortel Marcin Gaarden.

Saman med leiaren for Jets i Saldus, Ervjis Ritins, og Bjørn Harald Norvik som er på besøk frå Hareid-avdelinga, tek produksjonssjefen i mot NETT NO sin journalist ved Latvia-avdelinga.

Jets Latvia 2
SPESIALPRODUKT: Anlegg som kan handtere fleire hundre toalett på cruiseskip er mellom spesialprodukta til Latvia-avdelinga til Jets.

«All people all the time»
I morgonmøta går dei gjennom produksjonsmåla. Sentrale område er sikkerheit, kvalitet og levering.

– Nokre gonger er det ingenting å ta opp. Då er det berre «high five and go», men vanlegvis samlast vi framfor tavla i ti minutt kvar morgon. Vi jobbar heile tida med å betre arbeidsflyter og skape bevisstheit om kvifor vi gjer dette, legg han til.

Nær 40 personar er i arbeid på anlegget. I produksjonen er dei tilsette organisert i små grupper med teamleiarar.

– Vi kallar det for APATT – «all people all the time», seier Gaarden om jobbfilosofien og fortel at dei tilsette opplever det som positivt at dei får vere med å påverke.

Jets Latvia003 kopi
UTFORDRANDE ÅR: – Vi har hatt våre utfordringar med pandemi, krig, leverandørkjeder som ikkje fungerer – men likevel har vi klart å gjere det godt, seier produksjonssjef Marcin Gaarden (midten) med «supply chain director» Bjørn Harald Norvik (t.v.) og plass-sjef Ervjis Ritins.

Same kultur i heile konsernet
Sjølv er produksjonsdirektøren polsk og fortel at heimlandet hans er meir prega av hierarkisk organisering, der forslag til nye løysingar kjem ovanfrå.

–Jets har ein anna strategi. Og eg trur slike ting har meir med selskap å gjere, enn arbeidskulturen i eit land, seier Gaarden og peikar på nokre dokument på ei tavle, der metoden er visualisert.

Bjørn Harald Nordvik fortel at same dokumenta heng på veggane i Jets-lokala på Hareid. Dei er ikkje i tvil om at det er synergiar å hente ved at den same kulturen gjennomsyrer heile konsernet.

Ingen fagforeiningar
Ingen av til tilsette ved avdelinga i Saldus er organiserte i fagforeiningar. Gaarden kjenner godt til det norske trepartssamarbeidet, men meiner deira løysing fungerer godt.

– Alt er ein del av Lean-systemet med daglege møter og forslag til forbetringar. Så lenge vi har ein kultur prega av openheit der folk opplever at deira forslag fører til endring, vil alle ha ei felles interesse, seier han.

Kjerneoperasjonen med å sette dette saman krev «human touch»
Marcin Gaarden

– Krev «human touch»
Eit av produkta som vert produserte ved Saldus-fabrikken er behandlingsanlegg for svartvatn (avløpsvatn frå toalett og urinalar) for alt frå mindre fartøy til store skip. Både desse og ein vakuumeining, som er sentral i alle Jets sine vakuumsystem, er tunge installasjonar.

Garden fortel at dei for augeblinken vurderer å lette på løfta arbeidarane treng å gjere sjølve. I løpet av det siste året har dei også lagt om arbeidsstasjonane og måten dei jobbar på.

– Vi jobbar med å finne ut om vi kan ha eit meir automatiserte system for å hjelpe arbeidarane. Kanskje kan det vere i form av robotar som pakkar, eller sjekkar kvaliteten på produkta, men kjerneoperasjonen med å sette saman produkta krev «human touch», seier han.

Jets Latvia 1
VAKUUMTOALETT: Fabrikken i Latvia lagar dei same toaletta som Hareid-avdelinga. Takka vere vakuumteknologi nyttar Jets-toaletta svært lite vatn.

Dobla produktiviteten på ventil
Produksjonen er ordrestyrt med eit visst volum i botnen. Metoden med å stadig forbetre produksjonen har ført til ei rekke konkrete forbetringar.

– Her har vi det eg vil påstå er eit av dei mest effektive teama i Jets, seier Gaarden då vi kjem inn i ei avdeling der dei monterer vakuumventilar.

Han held fram eit eksemplar på 10 gonger 15 centimeter som består av ein rekke delar som er skrudd saman. Ut av den stikker røyr og kablar.

– I løpet av dei siste månadene har vi dobla produktiviteten på denne. Teamet har sjølv endra utforming og flyt i produksjonen. Dei har forbetra arbeidsstasjonane og det er investert i enkle maskinar som gir betre ergonomi, seier han nøgd.

Les meir om sunnmørske selskap i Baltikum:

Publisert: 30.12.2023 12:01

Sist oppdatert: 30.12.2023 11:49

Mer om