Kort fortalt

Rekordbonus for Jets-tilsette

Auka overskotet i fjor.

04.05.2022
Alle tilsette i Jets på Hareid får tildelt rekordstor bonus på knappe 34.000 kroner, ifølgje Vikebladet.


Bakgrunnen er det gode resultatet i fjor. Jets-konsernet omsette ifølgje avisa for heile 457 millionar kroner i 2021, ei auke på kring 40 millionar frå året før. Årsresultatet vart på meir enn 56 millionar kroner – også det ei pen auke frå året før.

2021-omsetninga er på høgde med rekordåret 2019, men overskotet er litt lågare enn då.

Publisert: 04.05.2022 16:55

Sist oppdatert: 04.05.2022 16:56

Mer om