Sandebedrifta Ventiq fekk eit gjennombrotsår og svært gode resultat i 2024, skriv Vestlandsnytt.
– Ein kan vel seie det slik at det vi no ser er resultatet av at vi er eit effektivt og godt team, som har hatt god støtte frå tolmodige aksjonærar. Og no begynner også marknaden å forstå kor bra produkt vi har, fortel dagleg leiar Mathias Gjerde til avisa.
Selskapet har utvikla ein type ventilar for den maritime bransjen, og opplever spesielt god vekst i eksportmarknaden.
Omsetninga meir enn dobla seg i fjor, samanlikna med året før til 20,5 millionar kroner (sjå tabell under).
Eit resultat før skatt på nær 7,9 millionar, er om lag det same selskapet har hatt i underskot i alle åra etter 2018, viser tala.
Dragsund i Herøy er blitt base for Ventiq dei siste åra. I tillegg har bedrifta eit lokale i Gjerdsvika, der firmaet framleis har adresse.
Ventiq AS | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 20,5 | 8,5 |
Driftsresultat | 8 | -2 |
Resultat før skatt | 7,9 | -2,1 |
Publisert: 10.03.2025 14:47
Sist oppdatert: 10.03.2025 14:51