Grøn satsing på stor messe
Gjerdsvika-firma viste fram nye ventilasjonsløysingar på Europas største shippingmesse.
Firemannsbedrifta Ventiq var mellom dei mindre deltakarane på Europas største shippingmessa SMM Hamburg før helga. Etter at dagleg leiar Mathias Gjerde og salsleiar Roger Møller er vel heime, konstaterer dei likevel at messa var verdt turen.
– Vi var på messa for å vise fram løysingar som er knytt til det grøne skiftet, fortel Gjerde til NETT NO.
Handterer avgassar på skip
Sande-firmaet held til i bygda Gjerdsvika og leverer løysingar som
kontrollerer ventilasjonen om bord på store skip med våtlast og
drivstofftankar.
Det dreiar seg om brennbare og giftige stoff, og det er om å gjere å fjerne avgassar – både for mannskapet sin del og for å gi minst mogleg utslepp til miljøet, fortel Gjerde.
– For vår del har dei peika seg ut to gode alternativ for drivstoff med låge utslepp. Det eine er amoniakk og det andre er såkalla grøn metanol. Spesielt metanol var eit «buzzword» på årets messe. Mellom anna Maersk har valt metanol på sine nye konteinerskip, legg han til.
Har brukt tøffe år på utvikling
Ventiq har vore i bransjen i meir enn 20 år med sine eigenutvikla
ventilløysingar. Etter nokre tøffe år med minus etter oljefallet ser dei
no lysare på framtida – og vil rette meir ressursar på sal.
– Vi har brukt tida på utvikling og posisjonere oss inn mot meir framtidsretta marknader. No begynner vi å få meir dreis på ting, og har teke kvantesprang i teknologien, fortel den daglege leiaren.
Gjerde fortel at dei som ei lita bedrift dreg dei stor nytte av å ligge plassert i den maritime klynga på Nordvestlandet.
– Utan samarbeidet og diskusjonane vi har hatt med dei lokale designselskapa, verfta og ikkje minst reiarlaga, så hadde utviklingsarbeidet til Ventiq vore eit vel stort lerret å bleike, legg han til.
Felles klyngesatsing for første gong
På den store shippingmessa var også ein rekke større bedrifter frå regionen, som Ekornes, Kongsberg Maritime og Ulstein Group.
Fleire var med ein delegasjon frå GCE Blue Maritime som torsdag var
vertskap for ein event om kva nyvinningar klynga kan by shippingbransjen
framover.
Dette var første gongen klynga samla seg til ein slik presentasjon under den viktige messa, og opplegget blir støtta av Eksin og Innovasjon Norge.
– SMM er ein av våre viktigaste eksportarenaer. Og i ei tid der fokuset på å auke maritim eksport er høg, er det viktig at vi også kan koordinere ein innsats i klynga for å bygge vidare på den gode posisjonen norsk maritim teknologi har ute i verda, seier klyngeleiar Daniel Garden om satsinga.
Publisert: 12.09.2022 05:00
Sist oppdatert: 11.09.2022 20:56