Kjønnsbalansen på staden kvil i nordvest
Møre og Romsdal har ikkje opplevd større endringar i kjønnsbalansen sidan 2012.
Ferske tal frå SSB viste mellom anna at menn i Møre og Romsdal tente i gjennomsnitt nær 200 000 kroner meir i året enn kvinner.
Det er også store skille mellom offentleg og privat sektor. 67,2 prosent av dei tilsette i privat sektor er menn, 74,9 prosent av dei tilsette i offentleg sektor i Møre og Romsdal er kvinner.
-Den skeive kjønnsbalansen i utdanningsval, yrkesval og dermed inntekt har vist seg svært vanskeleg å endre. Dette gir oss nokre samfunnsutfordringar som vi må diskutere og ta tak i, uttaler plansjef Ingunn Bekken Sjåholm i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding.
Møre og Romsdal har den lågaste skåren av alle fylka på grad av kjønnsbalanse i næringsstrukturen.
På nokre område er det likevel betring.
Frå 2015 til 2022 har delen kvinner som jobbar deltid i Møre og Romsdal gått ned med heile 10,2 prosentpoeng, frå 50,3 prosent til 40,1 prosent.
Samtidig har det vore ein auke av kvinnelege leiarar på 5,3 prosentpoeng dei siste åra, frå 32,2 prosent til 37,5 prosent.
Publisert: 08.03.2024 10:56
Sist oppdatert: 08.03.2024 10:56