Kort fortalt

Kjøper Norrøna-bygget

Berit Johanne og Kjell Olav Larsen kjøper Norrøna-bygget i Ørsta frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

10.01.2014
Larsen kjøper bygget gjennom sitt eigedomselskap, BKL Eigedom. Paret driv pub på gateplan, medan det er leilegheiter i andre og tredje etasje. Kjell Olav Larsen seier motivet for å kjøpe var å sikre at puben kan drivast i lokalet den er i i dag. Leilegheitene skal leigast ut som før. Larsen vil ikkje opplyse kjøpesummen.
Bygget ligg vegg i vegg med kontora til Sparebank 1 Søre Sunnmøre i Ørsta. Eigedomsinvesteringar som har slått feil har gjort at banken har fått ei rekkje eigedomar i fanget. Målet er å selge unna, og salet av Norrøna-bygget eit eitt av dei som vart gjort ifjor.
I følgje banken vart det seld eigedom for rundt 10 millionar kroner i 2013.

Publisert: 10.01.2014 09:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22