Kort fortalt

Kjøper rumensk jord

Nordmenn tener store pengar på rumensk landbruk.

01.08.2016
(NPK-NTB): Nordmenn har tent store pengar på å investere i oppkjøp av billeg landbruksjord i Romania, skriv Nationen.
Det norske investeringsselskapet North Bridge eig 40.200 dekar landbruksjord på to ulike stadar i Romania. Selskapet begynte å investere i Romania i 2008, og investorar som har vore med frå starten, har hatt ei avkasting på 30 prosent, opplyser selskapet til .
North Bridge er eit Kypros-landbruksselskap som eig jord i Romania gjennom fleire underselskap. Selskapet dyrkar blant anna mais, kveite, bygg og solsikker.
I ein EU-rapport frå 2015 kom Romania på førsteplass over stadar der det går føre seg såkalla landsran, det vil seie at store aktørar kjøper opp jordområde frå småbønder til ein svært låg pris. No oppfordrar den rumenske regjeringa småbønder til ikkje å selje jord til utlendingar.
– Eigarskap til jord er blitt eit svært betent politisk tema. Industrijordbruket har blitt meir omfattande og meir profesjonelt etter at Romania kom med i EU. Subsidiane er årsaka, seier Tomas Dinu, dekan ved Universitetet for agronomi i Bucuresti, til Nationen.
– Dei store har høg produktivitet. Men det har ein sosial pris. Det er grundig dokumentert at dei stadane der store aktørar eig mesteparten av jorda, også er dei stadane der det er mest fattigdom, seier han. (©NPK)

Publisert: 01.08.2016 11:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45