Kort fortalt

Kjøper seg inn i forsikringsselskap

Sparebanken Sogn og Fjordane har kjøpt 10 prosent av forsikringsselskapet Frende, som har hovudkontor i Bergen. 

Ivar Myklebust Longvastøl
08.01.2014
- Dette er ei strategisk viktig satsing for oss, seier Trond Teigene, direktør for strategi og forretningsutvikling i Sparebanken Sogn og Fjordane. Frende har hatt ei god utvikling dei siste åra, og SSF vil gjennom eigarskap få ta del i framtidig verdiskaping, seier Teigene i ei.

Tredje største eigar

Sparebanken Sogn og Fjordane vert dermed den tredje største eigaren i Frende Holding AS, som eig 100 prosent av Frende Skadeforsikring og Frende Livsforsikring.
Frende vart etablert i 2007 med Sparbanken Vest som initiativtakar, og banken er framleis den største aksjonæren.

Kjerpseth sentral

Frende selde forsikring for 1,4 milliardar kroner i 2012, og sat igjen med eit overskot på 52 millionar kroner før skatt.
Administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan-Erik Kjerpeseth (42) frå Svelgen, er styreleiar i Frende og har vore sentral i oppbygginga av selskapet.

Slutt med Gjensidige

Sparebanken Sogn og Fjordane har sagt opp avtalane sin om distribusjon av skadeforsikring med Gjensidige Forsikring, og banken vil i løpet av 2014 starte sal av forsikringsprodukt for Frende.
Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt eit tett samarbeid med Gjensidige, mellom anna med etableringa av Gjensdige Bank i Førde.

Publisert: 08.01.2014 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22