Kort fortalt

Kjøpte buet etter Tango Seaweed

Fekk eigedom og varelager for 650.000 kroner.

27.10.2023

Wernik Hauge har kjøpt alt som var av verdiar i buet etter konkursråka Tango Seaweed, skriv Vestlandsnytt.

For 650.000 kroner fekk han tilslaget på eigedomen, varelager, anlegg i sjøen, bil og båt. 600.000 kroner av summen gjaldt eigedomen i Haugsbygda med ein anslått salsverdi på 2,8 millionar kroner.

Hauge seier til avisa at det er for tidleg å gå ut med kva planar han har framover.

Sande-selskapet Tango Seaweed melde oppbod tidlegare i år. Samla krav var på nær 2,3 millionar kroner, og bustyraren reknar med at det ikkje blir midlar til overs etter at det er betalt nær 600.000 kroner til lønsgarantifondet.

Publisert: 27.10.2023 08:43

Sist oppdatert: 27.10.2023 08:43

Mer om