Vil selje Tango Seaweed-buet samla
Dei største verdiane etter konkursen ligg i eigedomen.
Bustyrar Jørund Knardal satsar på å finne ein kjøpar til både anlegg, bygg og lager etter konkursen i Tango Seaweed, fortel han til NETT NO.
Tareprodusenten i Haugsbygda melde oppbod i august etter at selskapet ikkje lukkast med å finne ei løysing som kunne berge selskapet.
Ved konkursen vart det opplyst at selskapet hadde ei gjeld på 4,3 millionar og anslått at det var verdiar for 3,6 millionar kroner i selskapet.
Det er dei verdiane bustyraren no skal prøve å realisere.
Største verdien i næringsbygget
Den største verdien i buet er aksjane i dotterselskapet Tango Seaweed Eiendom, som eig næringsbygget i Haugsbygda i Sande. Der hadde selskapet produksjon og lager.
Eigedomsselskapet har ei gjeld på 1,5 millionar kroner til DNB, og er anslått å vere verdt 2,8 millionar i verdianslaget som vart gjort ved konkursopninga.
Har laga kost- og smakstilskot
Tango Seaweed blei starta i 2016 og har jobba med å lage kost- og smakstilskot av tare. Tidlegare i år vart det kjent at selskapet var i økonomiske problem, og hadde behov for meir pengar.
Med i buet er også eit tangdyrkingsanlegg ved Herøybrua, med konsesjon for ytterlegare eit anlegg ved Leikong.
Tango Seaweed hadde også tørka tang på lager då selskapet gjekk konkurs. Den er verdsett til 300.000 kroner.
Var innstilt på å helde fram
Tareselskapet starta i Herøy, men flytta til Sande i 2021. Der tok dei over dei tidlegare Plany- og Proas-lokala på 520 kvadratmeter.
Etter det vart klar at selskapet ville melde oppbod, fortalde dagleg leiar Annelise Chapman til NETT NO at ho heilt til det siste, var innstilt på å halde fram drifta.
No ville ho «ta ein pust i bakken», men håpte å kunne invitere til ein ny ope dag i lokala i Haugsbygda for å takke for seg.
Publisert: 08.09.2023 05:00
Sist oppdatert: 07.09.2023 23:39