Kort fortalt

Klarsignal for råmelk-sal

Jon Georg Dale opnar for gardssal av upasteurisert mjølk.

18.08.2017
NPK/NTB: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) opnar for organisert sal av rå eller ubehandla mjølk frå norske gardar.
I juni i år vart ein tidlegare mjølkebonde dømt til fengsel for organisert sal av upasteurisert mjølk. Dommen fekk statsråden til å reagere. No vil han opne for slikt sal ved å endre regelverket, skriv Nationen.
– Min reaksjon var at her blir regelverket handheva strengare enn det bør. Denne liberaliseringa av regelverket kjem som ein konsekvens av det, seier han.
Det nye regelverket blir sendt ut på høyring.
– Vi vil snart sende ut eit høyringsforslag der vi foreslår å opne opp for direkte sal av upasteurisert mjølk frå gard. Vi ber om innspel på omfanget. I forarbeidet vårt har vi sett på korleis nabolanda våre praktiserer regelverket. I Sverige er det tillatt å selje 70 liter i veka. I Finland er det lov til å selje 2.500 liter i året, seier Dale.
Ut frå regelverket i dag er det berre lov med tilfeldig sal av upasteurisert mjølk, og salet kan ikkje ha butikkpreg.
Bonden som vart dømt til to veker fengsel på vilkår for sal av upasteurisert mjølk, Gustav Koot, seier til Nationen at han er glad for endringa.
– Eg er glad for det om han no opnar for eit betre og breiare sal av rein mjølk. Men eg er redd for at det vil bli knytt opp mot ei fastlagt avgrensa mengde, seier han til avisa.
Det har vore påbode å varmebehandle mjølk som skal seljast i Noreg sidan 1953.

Publisert: 18.08.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41