Kort fortalt

Klart for nordiske feriereiser

Men berre til Gotland i Sverige.

12.06.2020
NPK-NTB: Frå 15. juni kan nordmenn reise på ferie til alle land i Norden, men berre til område der smittepresset er akseptabelt, varslar statsminister Erna Solberg (H).
Alle regionar i Finland, Island, Grønland, Færøyane og Danmark oppfyller i dag dei norske kriteria. For Sverige er det likevel berre Gotland som tilfredsstiller krava.
– Eg er klar over at nokon er svært skuffa over dette. Men restriksjonane er baserte på objektive kriterium som er like for alle, sa Solberg på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag.
Kriteria omfattar mellom anna talet på smitta i forhold til folketal, talet på innleggingar på intensivavdelingar og kor stor del som testar positivt. Det dreier seg òg om testregime og system for smittesporing og informasjon.
Situasjonen skal vurderast kontinuerleg, og kartet over tillatne område vil bli oppdatert minst kvar fjortande dag, seier helseminister Bent Høie (H).
– Eg håpar at andre område i Sverige snart har ein smittesituasjon som opnar for reiser til desse, seier han.
På spørsmål frå pressa på korleis ein skal kontrollere at folk ikkje har vore andre stader i Sverige enn på Gotland, svarar statsministeren:
– Vi kan aldri kunne sjekke alle. Dette er tillitsbasert. Men eg stoler på nordmenn no ser at med den innsatsen og dei oppmodingane mange har gjort, så skal ein solidarisk slutte opp om desse avgrensingane.
Det vil likevel vere mogleg å vere i transitt gjennom Sverige, også på veg til og frå Danmark.
– Men det føreset at ein ikkje stoppar og overnattar på vegen, seier Solberg.
Danske styresmakter har vedteke eigne nasjonale reglar for København-området som nordmenn som reiser til landet, må følgje.

Publisert: 12.06.2020 15:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26