Kort fortalt

Kleven-eigaren braut karantenereglane

Var med kollegaer på utestad i Ulsteinvik.

01.07.2020
Div Group- og Kleven-eigar Tomislav Debeljak har saman med kollegaer brote reglane for karantene som gjeld i samand med koronautbrotet, melder .
Den kroatiske verftseigaren er i Ulsteinvik for å forsøke løyse den økonomiske knipa Kleven er i, og er observert fleire gonger på ein utestad i sentrum.
Kommuneoverlege i Ulstein Norunn Kirkebø Eide stadfestar til avisa at Debeljak og kollegane har karantene, utanom jobbmøter på Kleven.
Ho har vore i kontakt med den norske leiinga på Kleven onsdag, og gjenteke kva for reglar som gjeld. Eide seier dei har karantene på fritida i 10 dagars karantene der dei bur (hotellet) eller dei må ha gjort to negative testar.

Publisert: 01.07.2020 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26