Kort fortalt

Konkurs etter skattekrav

Slutt for Vigra-selskap etter tre år.

Marius Rosbach
15.03.2022
Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i selskapet Chr Gruppen. Verksemda som har vore oppføring av bygningar, var i gong på konkurstidspunktet med to tilsette i arbeid.


Gjelda til selskapet er på knappe 170.000 kroner som følgje av skuldig moms og andre krav frå skattestyresmaktene. Ein ikkje-fakturert fordring og ein varebil utgjer verdiane i selskapet, ifølgje rettspapira.

Firmaet med adresse på Vigra ble starta i 2019, og har hatt beskjeden verksemd. I 2020 omsette firmaet for 1,1 millionar og fekk eit underskot på knappe 200.000.

Publisert: 15.03.2022 09:31

Sist oppdatert: 15.03.2022 09:33

Mer om