Konkurs for blomster, sko og maskinutleige
Selskap i Molde, Brattvåg og Fosnavåg melde oppbod.
Torsdag og fredag har Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i tre selskap etter at det er meldt oppbod.
Selskapa er Molde Blomster, Longva Maskinutleie med adresse i Brattvåg og Theas Sko i Fosnavåg.
Førstnemnte blomsterbutikk blei starta i 1989, men rekneskapane for dei siste åra viser salssvikt, og fjoråret enda i minus. Ved utløpet av 2022 var også eigenkapital i minus.
Longva Maskinutleie blei starta i 2022, og første driftsår gjekk i minus etter inntekter på nær 800.000 kroner. Samla gjeld er på kring 1,8 millionar og verdiane i selskapet er anslått til drygt to millionar kroner.
Theas Sko As blei starta i 2019 har omsett for kring 2,5 millionar dei siste åra. Alle åra sidan oppstarten har gått i minus med eit samla underskot på drygt 450.000 kroner.
Publisert: 22.09.2023 15:19
Sist oppdatert: 22.09.2023 15:19