NPK-NTB: For ein månad sidan frykta 32 prosent av bedriftene i landet konkurs. No er delen som fryktar at dei går dukken, 19 prosent.
Det viser tal frå NHOs undersøkingar 27. mars og no sist i april, gitt att i .
Nokre stader er bekymringane for full kollaps større, og frykta er størst på Svalbard og i Oslo, der høvesvis 40 og 23 prosent av bedriftseigarane seier dei er redde dei vil gå konkurs.
– Eg trur det viser at vi, i takt med at samfunnet blir litt opna igjen, er i ferd med å få ein ny normalsituasjon der fleire og fleire finn løysingar i denne nye situasjonen med nye smittevernreglar, og ser at ein faktisk får produsert, seier seniorrådgivar Anna Cesilie Brustad Moe i NHO Trøndelag.
– Men det er ingen grunn til å lene seg tilbake, vi må halde fram med å stå på for å få gode ordningar for bedriftene, seier Moe.

Publisert: 30.04.2020 09:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27