Politiet i Møre og Romsdal har starta etterforsking etter at selskapet Minihus Quality gjekk konkurs, ifølgje Sunnmørsposten.
Fleire kundar fortel til avisa at det konkursråka selskapet skuldar dei pengar og at dei ikkje har fått det dei har betalt for.
Dagleg leiar Gints Jirgensons har vore involert i ein rekke konkursar tidlegare. Han gir uttrykk for at han vil gjere opp for seg – og halde fram forretningsverksemda.
– Først skal vi levere til dei kundane vi har. Etter det vil eg halde fram å selje minihus fordi det er god business, seier han til avisa.
Firmaet heite tidlegare Saunaservice og hadde adresse i Ørsta. Sidan har dei skifte adresse til Årnes på Austlandet.
Publisert: 26.11.2025 15:00
Sist oppdatert: 26.11.2025 15:00






