Kort fortalt

Konkursråka entreprenør startar opp att

Vil vidareføre kulturen frå Hole Maskiner i Sykkylven.

17.04.2024

Norman Hole startar opp att i anleggsbransjen og vil føre kulturen frå Hole Maskiner vidare, skriv Nyss.

Styreleiaren i entreprenørselskapet som gjekk konkurs i mars, forsøker seg med nytt firma. Hole fortel til lokalavisa at mykje blir likt, men at verksemda blir i mindre skala. Per i dag har firmaet sju tilsette.

– Eg har starta opp Hole Anlegg, der vi i første omgang har fått vidareført brøytekontrakten. Her er nok ein del folk som har sett at bilane våre har vore ute og køyrd, og det er hovudsakleg på brøytinga det har blitt gjort fram til no, seier han til avisa.

Publisert: 17.04.2024 11:52

Sist oppdatert: 17.04.2024 11:52

Mer om