NPK-NTB: Klesbransjen i Noreg er hardt ramma av koronakrisa. Sidan mars har 34 selskap gått konkurs.
I april i fjor utgjorde klesbutikkane berre 1 prosent av konkursane i Noreg, i april i år var delen 7 prosent, skriv .
Ifølgje arbeidsgivarorganisasjonen Virke fall omsetninga i klesbransjen i Noreg i mars med 55 prosent samanlikna med same månad i fjor. Det akkumulerte omsetningstapet i april er på nær 25 prosent.
– Forretningar som sel klede, sko og vesker har vore dei store taparane i handelen som følgje av koronatiltaka, seier bransjedirektør Bror Stende i Virke faghandel til DN.
Han meiner dei store kjedene ofte har kontroll på heile verdikjeda fordi dei både produserer og sel eigne varer, men at det kan vere vanskeleg for dei små som berre vidaresel andres merkevarer.
– Når ein kanskje har levd på svak eigenkapital dei siste åra, og nesten drive på rekninga til kreditor, så tek koronakrisa dei svakaste av lasset med ein gong. Når det blir stengt heilt ned, har desse forretningane ingen sjanse, rett og slett, seier han til avisa.

Publisert: 19.05.2020 09:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27