Kort fortalt

Konkursråka bakeri opnar igjen

Ny drift for Bakerinnå.

13.02.2024

Det blir ny bakeridrift i lokala der konkursråka Bakerinnå har halde til i Brattvåg, melder Haramsnytt.

Marlen Katrin Hildre-Almstad som tidlegare var drivar av bakeriet, fortel at dei reknar med å starte opp i løpet av februar.

– Det er baker Stian Johannessen som startar opp ei bedrift, men det er same gjengen som skal halde fram. Eg og Stian har på sett og vis bytta roller, seier ho til avisa.

Publisert: 13.02.2024 15:13

Sist oppdatert: 13.02.2024 15:13

Mer om