Gir opp bakeridrift med 20 tilsette
Konkurs med milliongjeld etter Ålesund-satsing.
Møre og Romsdal tingrett har onsdag opna konkurs i Bakerinnå etter at selskapet melde oppbod.
Bedrifta har drive konditori og bakeri i Brattvåg sidan 2005, og starta i fjor opp utsal i Kremmergaarden i Ålesund.
Ifølgje rettspapira er verksemda med 20 tilsette no innstilt.
Meir omsetning - men minus
Gjelda er på kring 2,2 millionar og det er ein anslått verdi i selskapet på mellom 50. og 100.000 kroner.
Omsetninga til bakeribedrifta har gått opp dei siste åra, og inntektene auka til 3,5 millionar i 2022. Samtidig har fire av dei fem siste rekneskapsåra enda i minus.
Bustyrar i saka er Bjørn-Ivar Borgund og første skiftesamling er planlagt 26. februar.
Tapte på Ålesund-satsing
Satsinga i dei tidlegare Geiranger Bakeri-lokala i Ålesund var eit ledd i arbeidet med å få opp omsetninga.
I rekneskapen for 2022 kjem det fram at det var usikkerheit kring den vidare drifta.
Drifta i Ålesund gjekk med underskot etter første halvår, men leiinga hadde då tru på auka omsetning og overskot. Då var det mellom anna henta inn ny kapital frå nye eigarar og tilført lån til selskapet.
Publisert: 17.01.2024 18:51
Sist oppdatert: 17.01.2024 18:55