Kort fortalt

Kontroll av passasjerteljing

Sjøfartsdirektoratet skal sjekke teljinga på ferjene. 

22.09.2020
NPK: Sjøfartsdirektoratet varslar at dei denne hausten vil ha auka fokus på kontroll av passasjerteljinga på ferjer.
Det er forskrifta om passasjerregistrering på skip som regulerer krava til teljing og kontroll på passasjermengde før ein legg frå kai. Etter at det vert innført autopass på fleire samband, fekk direktoratet fleire uromeldingar knytt til dette.
– Dei fyrste kontrollane i 2019 viste at fleire reiarlag ikkje hadde god nok kontroll på passasjertalet på fleire ferjesamband. Det vart etter dette sett inn fleire tiltak for å styrkje dette arbeidet. No ønskjer vi å få verifisert at det er god kontroll på passasjerteljinga, seier leiar for operativt tilsyn, Alf Tore Sørheim.
Bakgrunnen for kampanjen er at direktoratet i sommar fekk meldingar som tyder på at passasjerteljinga framleis ikkje er godt nok kontrollert.
Teljing av passasjerar er eit viktig tryggingstiltak, som skal gje skipsførar kontroll på at det ikkje er fleire om bord enn det fartøyet er godkjent for. I ein krisesituasjon vil det også vera avgjerande å vite kor mange som er om bord, slik at ein har nok bergingsressursar tilgjengeleg.
– Eg trur at nokre ser på dette som litt unødvendig, men viss det skjer ei ulykke, vil det vera kritisk viktig for bergingsmannskapet å veta om dei har fått alle opp av sjøen eller om dei må leita vidare, påpeiker Sørheim.

Publisert: 22.09.2020 10:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25