(NPK-NTB): NHO Transport anslår at 1.800 av nærare 1.900 turbussar har stått stille sidan mars på grunn av koronarestriksjonar, og reknar sommaren som tapt for bransjen.
Det er om lag 500 selskap med 3.000 tilsette som driv med turbusskøyring i Noreg. På grunn av reiserestriksjonane som er innførte, er 2.500 sjåførar permitterte, skriv .
– Situasjonen er kritisk. Vi vil garantert sjå at ei rekkje av turbusselskapa går konkurs i 2020, seier administrerande direktør Jon H. Stordrange i NHO Transport til avisa.
Han seier at selskapa har redda seg så langt ved å permittere tilsette og søkje om kompensasjon for faste kostnader. Utan utanlandske turistar å køyre rundt i sommar, forsvinn inntektene som bergar mange selskap gjennom vinteren.
Kompensasjonsordning for faste kostnader slår dessutan uheldig ut for fleire turbusselskap. Dei som eig bussen sjølv, får mykje mindre kompensasjon enn selskap som leasar bussar.
– At dei no får kompensasjon for leasingkostnader kan utgjere ein forskjell på 30.000–35.000 kroner per buss per månad. Når du sit med nærare 30 bussar, blir det ganske brutalt. Regjeringa har gjort mykje bra i denne koronakrisa, men her ligg det ein stygg feil, seier dagleg leiar Lasse Aarstrand i Schaus Buss.
(©NPK)

Les også:
Publisert: 15.06.2020 09:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26