(NPK-NTB): Dødsfall, sjukdom og skadar på norske arbeidsplassar kostar samfunnet 30 milliardar kroner årleg. Men mykje kunne vore unngått med betre førebygging.
Ein rapport frå Sintef, på oppdrag frå Arbeidstilsynet, viser at tapte leveår og tapt livskvalitet som følgje av sjukdom og skadar utgjer 63 prosent av den totale kostnaden på 30 milliardar kroner.
Resten er direkte kostnadar til behandling, uførepensjon og tapt produksjon.Dei to viktigaste årsakene til tapt livskvalitet på grunn av sjukdom eller jobbskadar er smerter i korsryggen og lungekreft, mens klemulykker er den type ulykker som fører til flest dødsfall og kostar samfunnet mest pengar.
Arbeidstilsynet gjennomfører bortimot 18.000 tilsyn kvart år og ser at det er stort potensial for betre førebygging på norske arbeidsplassar.
– Godt HMS-arbeid lønner seg, både for tryggleik og helse for dei tilsette, for bedriftene og for samfunnsøkonomien, seier direktør Ingrid Finboe Svensen i Arbeidstilsynet.
Ho seier at mange gjer ein god innsats, men at altfor mange ikkje har det mest elementære på plass for å hindre arbeidsrelatert sjukdom og skade.

Publisert: 28.04.2016 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46