Kort fortalt

Kraftig auke av vindkraftproduksjon

Rekordhøge fjorårstal.

31.01.2022
(NPK-NTB): Det vart produsert 9,9 terawattimar med vindkraft i Noreg i 2020. Det er heile 79 prosent meir enn i 2019.

Det svarer til gjennomsnittsforbruket til rundt 620.000 hushald, skriv Statistisk sentralbyrå.

Det har vorte bygd mange nye vindkraftverk i Noreg dei siste åra. Mesteparten av dei 154,2 terawattimane med elektrisitet som vart produsert i Noreg i 2020 var likevel framleis vasskraft. 91,8 prosent av kraftproduksjonen i Noreg kom frå vasskraft, går det fram av ein annan SSB-statistikk.

Den totale produksjonen var 14,3 prosent høgare enn i 2019. Det kjem mellom anna av velfylte vassmagasin. Mest kraft vart det produsert i Vestland fylke.

(©NPK)

Publisert: 31.01.2022 09:56

Sist oppdatert: 31.01.2022 09:58

Mer om