Forbrukslån har auka med 1,3 milliard samanlikna med same periode i fjor. Berre sidan juni har forbrukslåna til nordmenn auka med 2,9 milliardar. - Urovekkjande om folk tek forbrukslån for å betale for høgare renter og prisar, seier Norsk Gjeldsinformasjon.
Den samla forbruksgjelda til nordmenn er i dag på 151,2 milliardar, som er ein auke på 1,2 milliardar (0,8 prosent) frå førre månad. Den totale forbruksgjelda er dermed tilbake på nesten same nivå som i januar, då den var på 150,9 milliardar, ifølgje ei pressemelding frå Norsk Gjeldsinformasjon. Bruken av kredittkort auka med 0,2 milliardar (0,9 prosent) sist månad. Den renteberande kredittkortgjelda vart samstundes redusert med 0,1 milliard (-0,2 prosent). Betalingskort utgjer 0,9 milliard og er uendra samanlikna med førre månad.
– Auken i forbrukslån knyter seg sannsynlegvis til både refinansiering av kredittkortgjeld, og auka forbruk. Ein del av det auka forbruket knyter seg nok til generelt høgare prisar og renter. Ytterlegare renteaukar kan bli krevjande for dei som allereie har ein stram økonomi, seier Svein Ove Karstensen, som er dagleg leiar i Norsk Gjeldsinformasjon.
Dei siste 12 månadene har forbruksgjelda auka med 2,5 milliardar (1,7 prosent). Forbrukslån har auka med 1,3 milliard (1,6 prosent) og kredittkortgjeld har auka med 1,5 milliard (2,3 prosent). Betalingskort er redusert med 0,4 milliard (30,8 prosent). Den renteberande kredittkortgjelda er redusert med 1,8 milliard (-3,9 prosent), og den rentefrie bruken av kredittkortgjeld har auka med 3,3 milliardar (16,8 prosent) i same periode.
– Det er urovekkjande viss forbrukslån aukar markant framover fordi folk bruker dette for å betale for høgare renter og prisar. Vi håpar likevel at auken knyter seg til normalt forbruk og refinansiering av dyr kredittkortgjeld, og at folk flest har god kontroll på eigen økonomi. Det er positivt å sjå at andelen renteberande kredittkortgjeld har gått ned dei siste seks månadene. Det viser at folk er flinke til å betale ved forfall, seier Karstensen.
Publisert: 01.03.2023 16:54
Sist oppdatert: 01.03.2023 16:56