Kort fortalt

Kraftig fall i fastlands-BNP

Salet av klede og andre varer aukar igjen.

05.06.2020
NPK-NTB: BNP for Fastlands-Noreg fall med 4,7 prosent frå mars til april etter koronatiltaka. Salet av klede og andre varer har likevel teke seg opp att.
Månaden før var det òg ein nedgang, og BNP var dermed 11,3 prosent lågare i april enn i februar, melder
– Det har vore ein uvanleg skarp nedgang i BNP for Fastlands-Noreg i mars og april. Når fallet vart litt mindre i april enn i mars, kjem det særleg av at varekonsumet tok seg litt opp. Dermed vart nedgangen i varehandelen redusert, seier sjef for nasjonalrekneskapen i SSB, Pål Sletten.
Smitteverntiltaka vart sett i verk 12. mars. Ein spesialanalyse viser at den økonomiske aktiviteten i Noreg fall 14 prosent frå første halvdel til andre halvdel i mars.
Fallet er ikkje jamt fordelt mellom ulike næringar. Område der smittevernomsyn har stansa aktivitetane, har hatt det største fallet.
Bransjen kultur og underhaldning, og dessutan overnattings- og serveringsbransjen fall heile 43,3 og 41,9 prosent i april. Transport utanom utanriks sjøfart har eit fall på 23,5 prosent frå mars til april.
Næringa som omfattar reisebyrå, bilutleige, leasing og reisearrangørar har ein nedgang på 11,1 prosent i april.
Forbruket til hushalda heldt fram med å falle i april etter ein nedgang på 13,7 prosent i mars. Konsumet fall 6,7 prosent i april. Det var då ein nedgang i forbruk av ulike tenester, som barnehagar, hotell og restaurantar og transport.
Samtidig var det ein auke i varekonsumet, som gjekk opp 2,5 prosent i april etter eit fall på 4,2 prosent i mars.
– Dette bør sjåast i lys av at hushald og føretak gradvis har vendt tilbake til eit meir normalt konsummønster. Kjøp av klede og sko auka markant etter eit kraftig fall i mars, men veksten var ikkje sterk nok til å hente inn att nivået frå før koronapandemien, skriv SSB.
Kjøp av bilar og drivstoff har halde fram å falle. Talet på nyregistrerte personbilar har ikkje vore så lågt sidan februar 2009.

Publisert: 05.06.2020 09:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26